Salt Peanuts – Almeida | Duynhoven | Klein – Vibrate in Sympathy


By Lars Mossefinn

Den tyske altsaksofonisten og klarinettisten Tobias Klein og den portugisiske bassisten Goncalo Almeida har gjort felles sak med ein av veteranane på den nederlandske jazzscenen, trommeslagar Martin van Duynhoven. Sju av låtane er signert Klein, ein av Almeida og ein er improvisert fram i studio og er ganske fri i forma.

Klein har tileigna fleire av komposisjonane til sine altsaks-førebilete, men det er verken Henry Threadgill, Oliver Lake eller Ornette Coleman ein tenkjer på når ein lyttar på komponisten Tobias Klein. Thelonius Monk er meir nærliggjande å nemna som inspirasjonskjelde. Det er elles ei sterk bluesåre i musikken. Det varierer frå det heilt frie til relativt stramme bluesinspirerte låtar, oftast med ein underliggjande laus og ledig sving, som i den upretensiøse «Pinto». I tittelkuttet «Vibrate in Sympathy», som er tileigna Coleman, er det intervallar og element i sakstonen som fører tankane mot den store meisteren. Dette er ein vakker ballade som viser trioen på sitt beste med Klein enkel, inderleg og ærleg på altsaksen, Almeida syngjande på bassen og Duynhoven ørlite rastlaus med vispane.

Innan dette formatet blir det som å hoppa etter Wirkola, Weissflog og Bredesen, men trioen spelar ærleg og liketil improvisasjonsmusikk som eg gjerne låner øyre til også i framtida.

http://salt-peanuts.eu/

Buy

+ There are no comments

Add yours